Det vart norsk jul likevel!

•desember 24, 2006 • 2 kommentarar

Lenge sidan sist oppdatering no ser me. Men det har sine naturlege grunnar. Planane var som sikkert mange har lest å feire jul i Brasil og reise derifrå 1.juledag og dermed måtte feire jula sannsynlegvis på flyplasshotellet i Sao Paulo. Dei heime venta oss ca 2. eller 3.juledag. Men heldigvis klarte vi allereide tidleg i desember å bytte billettane til å reise derifrå 18.desember. Det var kun Mamma Sveinung som visste noko om det, så det var ikkje fritt for at det vart eit og anna heva augebryn når me plutseleg ringde på døra heime hos Kristine og overaska heile gjengen, og også fattern heime hos Sveinung, når han stod på døra med nissemaske.

So no vert det skikkeleg julefeiring likevel og det er me mildt sagt svært nøgde med!Julestemninga har breidd seg her heime, juleribba begynner å lukte og kvitskjorta skal snart strykast. Sjølv om snøen manglar og regnet bøttar ned er det laangt betre enn sol og eit kjedeleg flyplasshotell..

Me har ikkje angra på at me bestemte oss for å reise heime, og det er kjekt at det verkar som det er mange som skjønar avgjerdslene våre. No kan me feire ei god og roleg jul her heime, dog kvar for oss (gjer ikkje så mykje å være kvar for oss nokre dagar etter 3 mnd ilag.. :)  før me tek fatt på oppussing og innflytting i nytt hus utpå nyåret. Kan tru me gledar oss til å flytte inn i noko som er vårt eige etter desse månadane med stadig flytting og alt vi eig i ein sekk.

Ei retteleg god jul og eit godt år til alle og takk for at dykk har fulgt oss dei siste månadane her på bloggen vår!

solnedgang i Peru

Tilbake i varme stroek

•desember 11, 2006 • 3 kommentarar

Sidan sist vi skreiv har vi bevegd oss ganske mykje. Vi hadde litt vanskar med aa komme oss ut av Arequipa pga busstreik (ikkje forste gangen i lopet av turen…), men havna til slutt i Puno ved Titicacasjoen. Det var inga fantastisk oppleving, men no kan vi iallefall seie at vi har sett verdas hogasteliggande innsjo! Paa vegen til La Paz, Bolivia, bussa vi langs sjoen eit stykke, og utpaa kvelden maatte plutseleg alle passasjerane ut og over i ein liten baat. Dvs; forst maatte vi staa i ko for aa kjope billettar, deretter fekk vi gaa ombord, og der stod vi heile vegen over Titicacasjoen, i morke og regn. Dette av den naturlege grunn at det ikkje finst store passasjerferjer paa 4000 meters hogde! Ferjene som gjekk over tok max ein buss i gangen, og eg trur ikkje eg hadde sett min fot paa den om eg saa hadde vore tvungen…Vel paa land paa motsatt side maatte vi staa ute i regnet og vente omlag ein time paa bussen. Alle blei vaate og kalde, og dei fleste turistane rundt oss slo fast at dette var ei ganske merkeleg oppleving. Men til tross for immigrasjonsstopp, bussbytte og ferje+baat, kom vi oss til La Paz ikkje meir enn 1,5 time etter ruta. Det er jo ikkje verst for ein ¨direktebuss¨….

La Paz var ein ganske ordinaer by. No er det jo stor fare for at vi har sett so mange Andes-byar dei siste vekene at vi har slutta aa la oss imponere, men La Paz gjorde iallefall ikkje usletteleg inntrykk. Det vi derimot vil ha med paa skrytelista er at vi no har flydd fraa den hogaste flyplassen i verda. Bestemte oss nemleg for at no var det nok bussing og forsinkingar, vi ville til Brasil.

Og her er vi! I Ipanema, Rio de Janeiro. Nabostranda til Copacabana beach, som dei fleste har hoyrt om. Veret er ikkje noko aa skryte av, det har vore overskya sidan vi kom. Det betyr lite folk aa studere paa stranda og ingen sjans for aa sjaa Kristus-statua. Men vi har det bra. Det er varmt likevel, vi har lagt dei varme kleda nederst i sekken, og vi kosar oss med kokossaft rett fraa noetta. Har dessutan vore tilskodarar til fotvolley paa Copacabana. Imponerande. Men ein ting er veldig frustrerande her i Brasil, og det er spraaket. Naar vi endeleg begynte aa kjenne oss trygge paa turistfrasane og smalltalken paa spansk, kom vi hit, og her snakkar dei portugisisk. Og for dei som trur at det er veldig likt og lett aa forstaa viss du kan litt spansk, saa er det heilt feil. Vi forstaar ikkje ein dritt! Og dei forstaar ikkje oss heller, ingen her kan engelsk…Men vi skal holde ut. For snart skal vi heim og snakke norsk, og ete norsk mat, og drikke vatn fraa springen, og sove i samme seng mange netter i strekk, og kaste dopapiret rett i do, og koyre bil, og lage vaar eigen mat, og strikke/klippe/lime/forme, og treffe venner og familie akkurat naar vi vil! Kven har sagt at vi maa begynne aa jobbe igjen?

Arequipa og Colca Canyon

•desember 5, 2006 • 2 kommentarar

Halla og takk for sist! Paa vaar reis soerover i Peru og mot Bolivia har vi no komt oss til Arequipa, ein ganske stor og ganske fin by i soerlege Peru, 16 timar med buss fraa Lima (har blitt ganske vande til bussing no saa 16 timar i strekk er ingenting.. (iallefall ikkje naar ein baade faar middag og frukost, filmar, sengeseter og bussar om natta)

 Har vasa litt rundt i Arequipa og shoppa Andes-ting, dersom nokon oensker seg noko spesielt laga av alpakka-ull maa dykk seie fraa fort, begynner aa naerme seg slutten paa Andes-turneen no..

I gaar leikte vi litt skikkelege turistar og tok ein to-dagers tur til Colca Canyon saman med 9 andre, ei herrleg multikulturell blanding; to spanjakkar, ein amerikanar, ein trevlig svenske, ei britinne, ei fraa Canada/Chile, eit par fraa Slovenia og ei fraa Kroatia! Men med vaart kjaere felles spraak engelsk gjekk det godt og alle var venner ogsaa etter endt tur. Foerste dagen koyrte vi fraa Arequipa og til den lissje byen Chivay, der vi paa vegen stoppa for aa sjaa (og ikkje minst knipse bileter) av baade Vicunjaer (ein slags liten lama), Alpakkaer (ein slags litt stoerre lama) og Lamaer (den originale). Og nok ein gong slo vi vaar egen hoegderekord (og endeleg ogsaa mamma og pappa sin) og gjekk paa toalettet paa verdas hoegste toalett, 4850 moh! Daa var coca-blada og coca-dropsa vi tygde gode aa ha.. 

 Paa kvelden etter aa ha proevd Alpakkakjoet til middag fekk vi eit heidundrande folkemusikkshow med lokal musikk og dans, der Kristine ikkje eingong rakk aa etet opp desserten sin foer ho vart teken opp paa scena, dressa opp med skjoert og hatt og maatte danse ein slags lokal “romantisk” dans framfor oss andre, til stor jubel!

 Dagen etter var det vekking kl. 05 for aa rekke opp til canyonen og sjaa kondorar. Etter fleire timar med venting i solsteiken (Sveinung hadde gloymt aa smoere seg med solkrem i 4000 meters hoegde..) dukka kondorane opp akkurat naar vi hadde sett oss i bilen. Sigla faktisk ganske rett over hovudet paa oss, rimeleg imponernade syn!

 I morgon reiser vi vidare til Puno, oppe ved Titicacasjoen og sannsynlegvis vidare over grensa til Bolivia paa onsdag, der vi skal til Copacabana (ogsaa ved Titicacasjoen) og deretter vidare til La Paz. Dagane gaar og det naermar seg faktisk snart heimreis, satsar paa at vi naar fram til Brasil tidsnok til aa nyte nokre dagar paa stranda der foer me reiser heim til regn og sludd..

Hasta luego folkens

Filleristing og heftige toppar

•november 28, 2006 • 4 kommentarar

No er me komne til Huaraz (3091 m.o.h) etter ei natt paa buss fraa Trujillo. Sondag var det avslapping paa den desidert beste kafeen vi har vore paa hittil! Masse gode sofaer, lesestoff, ualminneleg deilige frukostar (med grovt broed som Kristine smilte i fleire timar av..), god musikk og ikkje minst Peru sin beste sjoelvkverna kaffe (som Sveinung kunne smile i fleire timar av)

Kristine og Chopicalqui

Dagen etter var det dags for aa bevege seg litt, saa vi leigde oss syklar og tok turen til Lake Llanganuca og Portachuelo. Portachuelo er eit fjellpass som ligg paa 4767 m.o.h (dvs at vi slo vaar eigen hoegderekord fraa Merida med 2 meter!). Planen var aa ta lokale bussar som gaar over fjellpasset og deretter sykle nedatt til Yungay (2500 m.o.h). Men det viste seg at turselskapet vi leigde syklane hos ikkje var heilt paalitelege, og dermed fekk vi verken guide, som vi var lovde, det gjekk ingen direktebuss og siste bussen paa formiddagen var sjolvsagt gaatt. So vi var noedt til aa ta taxi heilt til toppen (ein tur paa ca ein time paa veeeldig daarleg veg, og med meg og Kristine i samme setet..) Ikkje kvar dag ein tek taxi i nesten 5000 meters hoegde!

Heldigvis var veret nokonlunde bra oppe hogda og vi fekk nokre spektakulaere syn med fjelltoppar rundt oss paa oppimot 7000 moh! (Var nesten som aa sjaa utover sunnmoersalpane.. ;)

Paa biletet under ser dykk Kristine oppe ved fjellpasset og vegen vi sykla i bakgrunnen i tillegg til Sveinung med einsykkelhjelm-kalott. Paa biletet over tek vi rastepause under Chopicalqui (6354 moh). Vegen ned fraa fjellpasset var 4 mil lang og usannsynleg svingete og humpete, saa armane til Kristine er ikkje brukande til noko som helst idag.. Det rista og humpa og med alle dei svingane kunne vi ikkje akkurat berre sette utfor heller. Derfor tok det oss tre timar ned til Lake Llanganuca (og daa var vi berre halvegs). Vi var ikkje klar for tre nye timar med filleristing saa naar det endeleg dukka opp ein lokal buss som gladeleg tok oss med resten av vegen var baade armane og bakendane vaare uendeleg glade for det..

Men sjoelv om vi var aldri saa troette og slitne naar vi kom tilbake var vi einige om at det hadde vore ein heftig opplevelse og noko vi sjeldan kjem til aa faa oppleve seinare. Aa sykle med nokon av verdas hogste fjell rundt seg paa alle kantar er verkeleg noko ein ikkje kjem til aa gloeyme med det foerste!

I kveld ber turen vidare med nattbuss til hovudstaden i Peru, Lima og derifraa vidare til Arequipa. Men foerst skal vi nyte litt massasje og drikke litt god kaffe..

 Kristine klar for utforkoyring

Standhaftige Sveinung

Funderingar

•november 25, 2006 • Éin kommentar

Vi er fortsatt i Peru, men har bevegd oss soerover og har vore i Huanchaco i nokre dagar no. Det er ein fiskarlandsby like utanfor Trujillo, byen der Sveinung hadde praksisperioden sin daa han var her for  3 aar sidan. Her er det sol og strandliv som har vore hovudaktiviteten, og vi har hatt nokre veldig avslappande dagar. I natt skal vi ta buss til Huaraz, som er ein liten by oppe i fjella. Fjellkjeda den ligg i heiter Cordillera Blanca og bestaar av over 50 toppar paa over 5700 meter(!!!!). Vi har ingen ambisjonar om aa bestige nokon av dei, men satsar paa kortare turar i omraadet. Blir gjerne litt hoegdesjuke i starten, og skal ikkje vere der so mange dagane, so det er nok best aa ta det roleg. Sjoelv om sunnmoeringen gjerne skulle hatt ein ny topptur paa merittlista…

Ellers tenkte eg aa gje ei lita oppsummering av opplevingar vi har hatt i det siste som kan vere interessante/merkelege/morsomme for andre. Here it goes:

+   Ved stranda her i Huanchaco er det ein molo der det ofte er mykje folk (til tross for adgangspengane, 1 krone). Vi tusla ein tur ut dit for aa ta litt bilder av stranda og sjaa paa folkelivet. Og plutseleg var det ein mann som helste paa oss og veiva entusiastisk med kameraet sitt og nikka mot dei tre tenaaringsdoetrene sine, og spurte om eit eller anna (veldig fort paa spansk). Vi trudde jo sjoelvsagt at han ville at vi skulle ta bilde av dei, alle i lag, og sa “Claro. No problemo!” Men so viste det seg at han ville at VI skulle vere med paa bildet han hadde tenkt aa ta av doetrene sine…Saa no er vi foreviga i deira familiealbum som dei flotte gringosane (kvitingane) vi er. Mora stod paa sidelinja og gav kommandoar til doetrene om aa helse pent paa oss og smile paa bildet osv. Litt pinleg, men eigentleg berre festlig. Og definitivt ikkje noko vi ville opplevd i Norge…

+  I gaar kveld tok vi buss fraa Trujillo til Huanchaco etter aa ha vore paa kino, og gjorde truleg ny personleg rekord i “ta-buss-med-flest-mogeleg-menneske”. Vi var so heldige aa faa sitteplass foer det kom paa ein heil horde med menneske som alle klarte aa klemme seg inn i denne skranglete bussen. (Kan forresten nevne at golva paa lokalbussane her minner om ferjedekk, saanne buklete staalplater du veit…) Men vi forstaar godt at folk tek buss, for bensinen kostar over 30 kroner literen. Og bussen kostar eit par kroner for ein 20-30 minutts tur…Stort sett alle bilane her er gule og har eit skilt paa taket der det staar TAXI.

+  Ein anna ting vi undrar oss over naar det gjeld lokalbussane er at dei tilsynelatande maa stoppe fleire gongar undervegs og stemple eit eller anna. Naar ein kjem til stempelplassen hoppar “buss-mann-nummer-to” (han som ropar inn folk og tek imot betaling) av og spring som ein tulling bort til eit vindu og stemplar eit ark, foer han tuslar roleg tilbake i bussen…Kan nokon vere vennleg aa forklare oss systemet?

+  Ein ting vi aldri fortalte om daa vi var i Venezuela, er at der har ikkje folk raad til mobiltelefon. Derimot kan ein leige ein mobiltelefon stort sett overalt paa gata. Det sat folk paa kvart eit gatehjoerne, nei, faktisk tettare enn det, og hadde telefonar lenka til smaa plastkrakkar. Ikkje berre mobiltelefonar, men vanlege telefonar ogsaa. Og det var stort sett alltid nokon som stod og prata i dei. Facinerande for oss som kjem fraa eit land der ALLE har eigen telefon…

+  Postvesenet i Venezuela gav oss ogsaa noko aa tenke paa. Eg skulle sende tre  bursdagskort (alle Marte`ne har bursdag omtrent paa samme tid!), i konvoluttar, og syns det var rart at konvoluttane var uten lim, so eg klistra dei igjen med teip. Men daa vi kom til postkontoret rista dei paa hovudet og to damer begynte forsiktig aa pille bort teipen pa kvar sin konvolutt. Eg skjonte ingenting, men tok den tredje konvolutten og begynte aa ta bort teipen der slik at det ikkje skulle ta so lang tid. Men daa viste det seg at eg hadde gjort feil, for eg hadde ikkje rive forsiktig nok, og no viste det paa konvolutten at den hadde vore opna. Fekk beskjed om aa gaa ut og kjope ein ny konvolutt foer dei kunne sende noko…Blei ganske so paff, men gjorde som dei sa og returnerte med ein alfor stor konvolutt, men det var det beste eg fann uten aa gaa for langt fraa posten. Til slutt viste det seg at dei maatte lime igjen konvoluttane foer dei kunne klistre paa frimerke og faa det sendt. Spansklaeraren vaar forklarte det med at postvesenet maatte ha alt paa det reine slik at ingen kunne mistenke dei for aa ha opna posten til nokon…Merkelig? JA!

Peru

•november 19, 2006 • Kommenter innlegget

Kom til Piura, Nord-Peru i gaar kveld, etter 7 timar i buss. Dagen foer tok vi buss fraa Cuenca til Loja, som tok 5 timar. Hadde tenkt aa ha ein dag busspause i Loja, men fann ut at byen hadde lite spennande aa by paa. Dessutan overnatta vi paa eit forferdeleg hostell, med papp-tynne veggar. Sov utrulig daarlig, pga  naboar som foerst krangla mange timar mens vi provde aa sove, deretter var svaert gode vennar (etter lyden aa bedomme seinare paa natta), for saa aa kaste opp etter hyrdestunda(!!) og sjaa paa Tv med fullt volum fraa kl 06 om morningen…Ergo; ingen plass vi kunne tenke oss aa vere lenger enn hoegst nodvendig.

Her i Piura er det varmt, vi har lagt Andes-fjella bak oss for ei stund, og har tenkt aa nyte sola nokre dagar. Har unna oss litt betre standard, og ligg paa eit hotell med basseng. Riktignok eit mini-basseng, med to kun solsenger, men det faar duge! Det var iallefall deilig aa bade etter frukost. Tenker det blir eit par timar paa bassengkanten i ettermiddag ogsaa. Og prisen paa overnattinga kan samanliknast med prisen paa overnatting i ei norsk campinghytte, so vi treng vel ikkje ha so daarlig samvittighet for det…

Nyvunne erfaringar:

  • solkrem med lavare faktor enn 45 er vanskeleg aa oppdrive med mindre ein er i ein badeby
  • is er det verst du kan ete med mindre du vil toemme magen
  • Sveinung likar chorozi-poelse, til tross for at dei er rosa og tilsynelatande fulle av farlege e-stoff
  • Kristine likar ikkje Inka Cola (fordi det er kanarigul brus, smakar hubba bubba, og definitivt er fullt av farlege e-stoff)
  • Harde senger er bedre enn supermjuke senger (fordi der sig vi ned i eit hol paa midten og brukar store delar av natta paa aa finne ut korleis vi skal klare aa sove paa kanten)
  • Vi klarar fint aa lese boeker bade paa svensk, dansk og engelsk. (Til og med 700 sider proppa med australsk slang!)

Quito, Baños og Cuenca – og ein nedtur…

•november 15, 2006 • Éin kommentar

No har vi vore i Ecuador i 10 dagar og konkluderar med at det er eit triveleg land aa vere i! Har sett utallege fine kyrkjer, tilbragt mange timar med aa kikke paa folkelivet paa ulike plazas (parkar/opne plassar), ete mykje deilig mat og vore paa museum…I helga var vi paa kino i Quito og saag ein skikkelig Hollywoodfilm – men den var bra! Kjekt aa endeleg sjaa ein film som ikkje var dubba til spansk…
I Baños (som betyr bad/toalett…) bada vi i varme kilder saman med pensjonistane tidleg mandag morgon – deilig…I gaar la vi i veg mot Cuenca, men maatte ta ein omveg fraa Baños fordi det var buss- og taxistreik ut av byen og vegane var forsokt blokkerte. Endte opp paa lasteplanet paa ein pick-up saman med eit tysk par og 3 lokale folk, humpetihump opp-opp-opp og over fjellet…Men vi kom oss dit vi skulle, om enn litt stoele i kroppen. Ting har ein tendens til aa ordne seg for oss naar det gjeld transport paa landjorda. Vi kom oss til Cuenca (vakker by!) etter 7 timar i buss, og fekk overnatting der vi onska (lenge leve Lonely Planet Guides).
Det som ikkje var so lett aa ordne var returbillettane heim. Snakka med reiseselskapet i Bergen pr telefon, og skjonte fort at det ikkje var noko lett sak aa endre billettar rundt juletider (inga overrasking, for saavidt). Ingen ledige billettar i heile desember foer kvelden 25. desember. Og heller ingen sjanse for aa faa ventelistebillettar…So no er det bestemt at vi kjem heim til Noreg den 26.desember, og maa feire jul i Sao Paolo. Det kan bli interessant! Vi faar gle oss over at vi i det minste faar oppleve litt romjul og julestemning naar vi kjem heim. Og vi slepp aa bestemme oss for om vi skal vere i Sunnfjord eller paa Sunnmore paa julafta…
Om eit par dagar stakar vi ut kurs mot Peru. I folge Sveinung (som har vore der foer) er det ikkje noko aa sjaa i den nordlege delen av landet, so vi bussar nok kjapt soerover. Det er mogeleg at det blir litt strandliv igjen om ikkje so lenge. Det var litt kjedeleg med dette regnet her oppe i hoeglandet…Satsar paa ein passe sjokoladebrun farge til vi kjem heim!

Katedral i CuencaAndesdame

Borte bra, men heime best…?

•november 10, 2006 • 6 kommentarar

Tenke seg til at eg skulle komme til aa skrive det eg no skal skrive…I dag har vi bestemt oss for aa reise heim tidlegare enn planlagt. Etter mykje grubling (har litt for god tid til slikt her) og diskusjonar om ulike alternativ har vi kome fram til at vi skal prove aa endre returbillettane slik at vi kjem heim til jul. Vi veit vi vil overraske mange, og at det er mange av dokke som er misunnelege paa oss som er i den situasjonen vi er, men men…

Det er ikkje lett aa forklare med faa ord kva som faar oss til aa endre planane, men eg kan jo slaa fast med ein gong at vi IKKJE ventar barn, og at vi IKKJE har tenkt aa gaa fraa kvarandre :) So slepp dokke aa lure paa det. Det er jo fleire ting som spelar inn her. Det forste er at eg (Kristine) har vanskar med aa venne meg til ein kvardag med so mykje fritid. Planane vaare har heile tida vore lause og vi tek ein dag om gangen. Dette er ikkje berre lett naar ein i grunnen likar aa ha struktur paa sakene. Men det forstod vi ikkje foer vi reiste. Det hadde nok vore betre om vi reiste rett til Bolivia i og med at vi skulle jobbe der, men no har vi slaatt fraa oss det. Klart det foelest kjipt aa bryte avtalen med barneheimen, men vi trur uansett ikkje at vi hadde komt dit som reddande englar. Det er heldigvis ikkje slik at dei ikkje klarar seg utan oss. Vi har ogsaa innsett at vi er for lite utadvendte til aa faa noko saerleg sosialt liv mens vi er paa tur. Hadde gjerne haapa at det skulle bli enklare i og med at folk i latin amerika er utadvendte og hyggelege, men spansken er skral og vi er ikkje flinke til aa ta kontakt med framande. Dessverre. Og daa blir savnet etter familie og venner ekstra stort. Vi e veldig glade i dokke der heime! Og det virkar veldig sterkt inn paa onsket om aa reise heim. For vi har utallege gongar foer turen og undervegs slaatt fast at vi foeler oss heldige som har det so godt som vi har det. Vi har lenge gleda oss til aa flytte til Naustdal, og fabulerar ofte om korleis det skal bli. Kanskje blir det ogsaa heilt annleis enn vi forventar, men vi veit iallefall at der kan vi skape rammer om kvardagen, saman med venner og familie. Har erfart at det er viktig…

Men no er det ikkje slik at livet paa reise er faelt og vanskeleg. Som de kan sjaa paa bloggen opplever vi mykje bra! Og vi gler oss til aa reise i mange veker til. No faar vi litt tidspress paa oss, alt etter naar vi faar endra returbilletten fraa Brasil. Det vil jo intensivere reisinga og gje mindre doedtid. Eg trur det for min del blir lettare aa nyte turen naar eg slepp aa tenke at det er leeeenge til eg skal heim. Og ikkje minst har eg begynt aa gle meg til jul, i staden for aa grue meg…No kan vi til og med kjope julegaver! Nokon som vil sende onskeliste?

Anaconda og pirayafiske..

•november 8, 2006 • Éin kommentar

Legg ut nokre bilete fraa turen vaar til Los Llanos i forrige veke, har skreve litt foer ka vi dreiv med der.. Opplevde ein del som vi ikkje forventar aa faa oppleve heime i Norge med det foerste iallefall. Bla. Anaconda-jakt i hoegt sumpgras. Anaconda-slangen paa biletet var paa ca 3,5 meter og ubehageleg sterk! Gamlekaren paa biletet fann han etter ein halvtimes leiting ute i sumpgraset, trakka paa hovudet hans og ropte paa guiden vaar som kom og drog beistet ut av graset og bort til oss.. Klumpen dykk ser ca der eg ber han er sannsynlegvis ein liten caiman (krokodille) som er i ferd med aa bli fortaert.

Kris med en liten venn solid kar..

Kristine var ikkje saa interessert i aa baere slange, saa ho gjekk heller uti og fanga ein Caiman som ho steikte og aat til middag..

Vi var ogsaa paa fisketur (til Sveinung si store glede), og sjoelv om piraya ikkje er like lette aa lure paa land som kredene paa setra, saa var dei iallefall vanvittig glupske! Vi hadde ikkje foer faat uti kroken med oppkutta pirayakjoet foer dei hadde glefst det i seg, saa det gjaldt aa rykke til i akkurat rette augneblinken.. Piraya vart det paa oss og det var ikkje fritt for at dei saag litt mindre farlige ut naar dei laag paa middagsbordet seinare paa dagen, enn der dei hang paa kroken og glefste villt etter fingrane vaare..

drepande tanngardpiraya

Fekk ogsaa helse paa ein artig kar som virka som han ikkje va opptatt av saa mykje anna enn aa sluke maur.. Men han tok seg tid til aa la seg avfotografere litt om ikkje anna:

maurslukar

 

 

solnedgang i Los Llanos

Fraa eit ytterpunkt til eit anna

•november 7, 2006 • Kommenter innlegget

I gaar reiste vi fraa Puerto Colombia, ein liten, roleg landsby ved den varme karibiske kyst, til Quito, hovudstaden i Ecuador. No er vi plutseleg i ein storby, paa 2850 meters  hoegde over havet, og her er det kaldt (10-15 grader?) og vaatt. I natt sov vi med dyne for foerste gang paa lenge, og fraus…Det var ogsaa rart aa dusje i varmt vatn igjen. Har ikkje hatt verken tilgang eller behov paa lenge. Men forsteinntrykket er at Quito verkar aa vere ein bra by. Folka er veldig blide og vennlege, og lunsjen vi nettopp aat var fantastisk god og veldig billig. Vi merkar paa kroppen at vi er hoegt over havet, lett trykkande hovudverk og smaakvalme seier oss at noko ikkje er som det brukar aa vere. Dessuten pesar vi som flodhestar ved den minste anstrengelse. Men det er heilt normalt dei foerste par dagane. Tenker aa vere her ei veke og sjaa kva byen har aa by paa. Blir vel litt museum, ulike marked, kanskje kino? Vi set i grunnen pris paa at temperaturen er lavare her, for det gjer det mogeleg aa faktisk gjere ting uten aa renne vekk…Det blir vel ogsaa tid til nokre besok paa internettkafear, slik at vi kan halde kontakt med de heime. Veldig kjekt naar vi kan chatte, med baade bilde og lyd. Setter pris paa slikt no naar heimlengselen dukkar opp i ny og ne.

Det blei ingen bilete denne gongen heller, men dei kjem! De faar vente i spenning…